tirsdag 28. februar 2012

Glutenfri minivannbakkels med tre forskjellige fyll

Når ein inviterar inn storfint besøk høyrer det sjølvsagt med å servere ein tre rettars meny. På torsdag hadde eg tre gode kollegaer på middagsbesøk. Med god mat og godt lag var grunnlaget for kvelden lagt, og vi hadde ein fantastisk triveleg kveld saman:o) Ei av dei som kom har cøliaki, og då var det sjølvskreve å sette menyen utifrå det. Eg føler eg har god kontroll på å lage vannbakkels, men må innrømme eg var veldig spent på korleis det ville gå når dei var glutenfrie. Røra var meir flytande enn eg er van med...og dei flaut litt ut når eg sette dei på plata. Men så løfta dei seg opp og vart ufatteleg lette og fine...noko av dei beste vannbakkelsane eg har smakt:o))
VANNBAKKELS:
2 1/2 dl vatn
100 gram smør
2 1/2 dl semper fin mix (Evt. 2 dl kveitemjøl)
1 ts salt
3 egg
Kok opp vatn og smør i ein kjele. Ha deretter i mjøl og salt og rør intensivt til røra samlar seg og slepp kjelen. Fjern kjelen frå varmen og rør deretter inn eit og eit egg. Rør til deigen samlar seg att mellom kvart egg. Bruk enten sprøytepose eller eit par skeier til å forme vannbakkelsane med. Set dei på bakepapirkledd steikeplate eller sprøyt dei direkte ned på bkaepapiret. Steikast midt ovnen på 200 grader i 10 minutt. Senk deretter temperaturen ned til 175 grader og steik vidare i ca 20 minutt. Vannbakkelsane skal vere lette og luftige når dei er ferdige. Det er og viktig å ikkje opne døra under steiking, då den kalde lufta som kjem inn fører til at dei klappar saman. Røra heldt til 13 vannbakkelsar, men ein kan og lage dei enno mindre om ønskeleg. 
SJAMPINJONGFYLL:
60 gram sjampinjong
60 gram
1 sjalottløk
1 ss smør
1 dl youghurt naturell
1/2 ss hakka dill
1/2 ss hakka vårløk
Salt
Peppar
Kutt soppen ganske fint opp. Skrell og finhakk sjalottløken. Fres sopp og løk i smør nokre minutt. Hell over i ei passande skål og rør inn youghurt, dill og vårløk. Smak til med salt og peppar.
LAKSEFYLL:
100 gram seterrømme ell. kremost naturell
50 gram røykt laks
1 ts pressa sitronsaft
1 ss hakka grasløk
Salt 
Peppar
(Ca 60 gram svart og raud rogn)


Finhakk laksen og bland inn seterrømme(kremost)). Tilsett sitonsaft og grasløk. Smak til med salt og peppar.
GRESK FYLL:
1 1/2 youghurt naturell
3 ss finkutta slangeagurk
2 kvitløksfedd
2 ss hakka sjalottløk
12 svarte oliven
Salt
Peppar


Kutt opp agurk. Skrell og finhakk kvitløk.Hakk opp oliven. Bland deretter alt godt saman og smak til med salt og peppar
Skjær av toppen på vannbakkelsane. Dersom ein ynskjer det kan ein legge over rogn på laksefyllet(eg gløymde det rett og slett, men smakte gjorde det likevel)
Eg la opp tre vannbakkelsar til kvar gjest og fyllte sjølvsagt opp ein av kvart fyll. Pynt deretter med grasløk og server!!
VEL BEKOMME:o)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line