I dag er det Feitetirsdag og Den internasjonale pannekakedagen...noko som sjølvsagt må markerast med pannekakeoppskrift her på bloggen:o)
PANNEKAKERØRE:
1 liter H-mjølk
1 ts salt
4 egg
Ca 5 dl kveitemjøl
Hell noko av mjølka i ein passande bolle. Knekk i egga og rør lett saman. Tilsett salt og noko av mjølet. Pisk deretter inn mjølog mjølk vekselsvis til du har ei glatt og fyldig røre. Steik pannekakene i litt smør på relativt høg varme i ca 1 minutt på kvar side. Legg til sides.
FYLL:
Ca 200 gram kyllingkjøtt
1 boks chrushed tomatoes
1 ss balsamicoeddik
3 reddikar
6 sukkerter
1/2 boks ananas, eller gjerne fersk ananas
1/2 spisspaprika
1 vårløk
4 stjerneløk
Ca 100 gram ost
Strimle kyllingkjøtt og steik det raskt i litt olje. Tilsett crushed tomatoes og balsamicoeddik. Kutt opp reddikar og sukkererter og ha over i gryta. Vidare tilsett du ananas, oppkutta paprika og vårløk. Skrell og finkutt stjerneløk og tilsett med det øvrige. Bland godt saman og la det putre nokre minutt til grønnsakene er passe møre. Smak evt til med salt og peppar.
Ha eit par ss med fyll på kvar pannekake og rull godt saman. Legg over i ei eldfast form og dryss over ost. Gratiner midt i ovnen på 200 grader i ca 10 minutt.
Server!!
VEL BEKOMME:o))






0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line