I denne retten er det så mykje gode smakar at det med rette kan kallast eit festmåltid:o) Tradisjonelt sett vert det svært ofte servert kjøtt med ein gang ein inviterar inn gjestar...men eg vil tørre å påstå at denne retten toppar det meste av kjøttrettar, så kvifor ikkje prøve neste gang du ber inn til middag?
POTETPURE:
MANDEL OG SAFRANKVEITE:
6-700 gram kveitefiletar
1 ts dill og persillesalt
1 1/2 dl creme fraiche
0,2 gram safran
1 grøn paprika
1 boks hermetiserte cherrytomatar
Mandelflak
Mine filetar var med skinn og bein, så eg skar vekk skinnet med filetkniv og fjerna beinet. Del filetane i to dersom dei er tjukke, og del dei deretter i mindrestykker.
Dekk botnen av forma med fisk og dryss over kryddersaltet. Bland saman creme fraiche og safran. Fordel deretter blandinga over fisken. Fjern frøhuset på paprikaen og strimle den opp. Legg deretter paprikaen i rosettmønster over fisken.
Sil av cherrytomatane og fordel dei på toppen av dei andre ingrediensane. Steik på 200 grader midt i ovnen i 10-15 minutt.
2 søtpoteter
6 poteter
2 dl fløyte
2 gode ss smør
Salt
Peppar
Skrell og kutt søtpoteter og poteter i terningar. Kok potetene godt møre og sil av vatnet. Stapp godt saman. Kok opp fløyte og smør og slå over potetene. Stapp vidare og avslutt med nokre minutt i miksaren. Då får pureen ein fløyelsaktig konsistens. Smak til med salt og peppar.
Start med potetpurespeilet. Ta potetpure og jamn utover heile spiseflata på tallerkenen. Legg deretter opp fisk og grønnsaker. Dryss over mandelflak.
Server!!
VEL BEKOMME:o))








0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line