I min barndom var kotelettar søndagsmiddag nr 1. Det var nesten fest når kotelettane som var tilberedt med flid kom på bordet. Ikkje veit eg kva pris dei låg på i hine hårde dagar...Men tidene har i alle fall forandra seg. No er kotelettar billigmat og vert klassifisert under kategorien kvardagsmat. Ein ting er i alle fall sikkert om dei kjem på bordet søndag eller kvardag...Er kotelettane godt tilberedt er det ein fest å ha dei på middagsbordet:o)
DU TRENG:
4-6 kotelettar
2 ts paprikakrydder
2 ts salt
1 ts peppar
1 ss timian
1 ss sitronolje
1 ss balsamicoeddik
1 pk eggnudlar
1 liten blomkål
2-3 gulerøtter
2 stangselleri
1 liten pastinakk
2 romslege ss smør ell. gjerne kvitseidsmør
Bland saman olje, balsamicoeddik, krydder, salt og peppar. Smør blandinga på kotelettane og la det trekke i ca 30 minutt. Er det feittrand på kotelettane må den snittast opp. Ha i 2 ss smør i panna og la det smelte ned og verte nøttebrunt. Legg kotelettane i panna, men ikkje for mange i slengen. Då vil nemleg temperaturen i steikepanna gå ned, og kotelettane vert kokte, ikkje steikte.Steik på eine sida til det piplar opp blod. Snu dei og steik på endre sida til det kjem opp klar kjøttsaft. Då er kotelettane ferdige.
Kok nudlane etter anvisning på pakken. Sil av vatnet. Salte og pepre og bland det heile godt saman.
Skrell og kutt opp gulerøtter og pastinakk. Del blomkålen i små bukettar
Kutt opp stangselleri. Legg damprist i ei gryte og dekk botnen med vatn. Kok opp vatnet. Legg grønnsakene på damprista og legg over smør. Legg på lokket og la grønnsakene dampe i ca fem minutt. Aus gjerne over smørvatn og la det renne av.
Legg opp kotelettar, eggnudlar og smørdampa grønnsaker på tallerkar.
Server!!
VEL BEKOMME:o))

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line