onsdag 15. februar 2012

Nøttepanert indrefilet av svin med fløytegratinerte poteter og sauterte grønnsaker

Sautere tyder å steike raskt i steikepanne i smør og/eller olje. Det er viktig å halde bevegelse i det som skal sauterast. Grønnsakene skal danse rundt i panna og ikkje verte brent. Gjer du dette riktig vert resultatet sprø og saftige grønnsaker. I kombinasjon med nøttepanering og spennade poteter vart dette ein fantastisk rett med spennande smakskombinasjonar:o)
NØTTEPANERT INDREFILET AV SVIN:
150 gram ass,nøtter(valnøtter, pistasjnøtter, pinjekjerner)
Ca 70 gram smør
6-800 gram indrefilet av svin
Peppar
Finhakk nøttene, evt køyr dei ei rask runde i foodprocessoren. Smelt smøret og bland ned nøttene.Kvern i litt peppar. Fjern evt hinner på indrefileten. Smør den inn med nøtteblandinga. Steik raskt på alle sider i steikepanna. Set i ovnen på 175 grader. Fileten er ferdig ved kjernetemperatur på 65-70 grader.Eg brukar ofte å ta den ut ved nådde 67 grader. Etter kviling har den ei rosa kjerne og er saftig og godt på smak.
FLØYTEGRATINERTE POTETER:
2 søtpoteter
5-6 mandelpoteter
5-6 amadinepoteter
6 dl fløyte
1 pk bernaisesaus
1 ts salt
1/2 ts peppar
1/2 ts cajennepeppar
1 ss frisk, finhakka rosmarin
Ca 150 gram ost
Skrell potetene og kutt dei opp i skiver. Legg dei opp etter mursteinsprinsippet i ei passande eldfast form. Tilsett fløyte og bernaisesauspulver i ein kjele. Bland godt saman og kok opp. Smak til med salt, peppar og rosmarin. Hell over potetene. Set i ovnen. Vanlegvis brukar eg å ha dei på 200 grader. Men denne gangen sette eg dei inn på 175 grader sidan svinefileten og skulle i ovnen. Det går heilt fint, men ein bør pårekne noko lenger steiketid. Mine sto i overkant av ein time. Når det er att ca 10 minutt av steiketida dryssar du over ost som får smelte ned.
SAUTERTE GRØNNSAKER:
2 gulerøtter
2 selleristenger
2-3 vårløk
Ca 20 små smakstomatar
1 ss smør
1 ss sitronolje
Skrell og kutt gulerøttene i stavar. Kutt opp selleristengene og vårløken. Del tomatane i to. 
Smelt smør og tilsett olje i steikepanna, Slepp i gulerøttene og la dei danse eit par minutt i panna. Tilsett så dei andre grønnsakene og la dei steike vidare under stadig dansing i 2-3 minutt til. Slå av varmen.
Skjær opp indrefilet og anrett på tallerkenar. Legg opp fløytegratinerte poteteter og sauterte grønnsaker. Aus sjy og nøtterestar over grønnsakene.
Server!!
VEL BEKOMME:o))

4 kommentarer:

  1. Prøver denne til helgen. Et par av familien går på lavkarbo, så de får gratinert brokkoli istedenfor poteter. Har aldri prøvd bernaissesauspulver til gratinert poteter, men det er sikkert godt. Takk for en flott og inspirerende blogg. Hilsen Toril i Haugesund

    SvarSlett
  2. Herlig!!Håpar verkeleg det fall i smak:o) Tusen takk for koseleg kommentar...det er slike tilbakemeldingar som bidrar til å utvikle bloggen og gjere den betre:o) Klem Line

    SvarSlett
  3. Hei igjen !
    Kan melde om at maten ble meget godt mottatt - riktig deilig middag ble det.

    Hilsen Toril i Haugesund

    SvarSlett
  4. Så kjekt, Toril:o)
    Herleg med slike tilbakemeldingar...det triggar bloggelysta enno meir:o))
    Klem Line

    SvarSlett

Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line