fredag 10. februar 2012

Bakt torsk med soyasmørsaus og reker

Nydeleg fiskerett inspirert av Godfisk. Har gjort nokon endringar og tilpassa etter eigen smak, men ideen fekk eg derifrå:o)
600 gram torskefilet utan skinn og bein
300 gram reker utan skal
10-15 miniplommetomatar
5 sjalottløk
2 vårløk
1/2 spisspaprika
Dill og persillesalt
Peppar
300 gram smør
4 ss soyasaus
Mandelpoteter
Kok poteter. Del fisken opp i passande porsjonsstykker. Dryss over dill og persillesalt og kvern over peppar. Eg brukte svart peppar for å få ei kontrastskorpe, men om du ikkje vil ha det bytar du berre ut til kvit.Smør ei eldfast form med smør og set midt i ovnen på 180 grader i 6-8 minutt.
Del tomatane i to og fjern kjernen. Skjær tomatane opp i små terningar. Skrell og grovkutt sjalottløkane. Del vårløken i to eller fire og kutt opp. Skrell rekene.


Smelt ned smøret og tilsett soyasaus, tomatar, paprika, vårløk og reker.


Skjær potetene i skiver og anrett på tallerkenane. Legg over fisken og aus over sausen.
Server!!
VEL BEKOMME:o))

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line