torsdag 1. mars 2012

Creme caramel med twist

Då klubbdamene skulle kome på besøk hadde eg ein ide om at creme caramel skulle serverast som dessert. Eit raskt google-søk fekk opp svært få treff. Men eg fann ei spennade oppskrift inne på bloggen Vaffelhjerte. Ein fantastik blogg med gode oppskrifter og utruleg flotte bilder. Desverre er bloggen no nedlagt, men får likevel bestå i verdensveven til glede for oss oppskriftsnerdar:o) Creme caramel kan på godt norsk omsetjast til karamellpudding. Men den vert laga i porsjonsformer og får ein fløyelsaktig konsistens, forførande vaniljelukt og eit uimotsåeleg karamellag på toppen...og må rett og slett berre prøvast. I denne oppskrifta er det og lagt inn ein ny twist...kardemomme...
Av denne oppskrifta får du sju dessertar!!
KARAMELL:
2 dl sukker
1 dl vatn
Ha sukker og vatn over i ein tjukkbotna kjele, og då helst med lys botn. Då kan du lettare fylgje med på utviklinga av fargen. Kok opp og la det boble lystig. RRør litt undervegs, og så ser ein at fargen vert gradvis mørkare. Når sukkeret har fått ein gyllen farge er karamellen klar. HUSK!! at dette er vannvittig varm, så kva du enn gjer må du ikkje stikke fingrane nedi karamellen.
Hell den varme karamellen ned i formene, som og vert kalla ramekinformer, til botnen er godt dekt. Karamellen stivnar fort, så her gjeld det å handle raskt.
(Psst...Dersom du er redd for å søle karamell på kjøkkenbenken? Set formene på eit bakepapir så øydelegg du i alle fall ikkje benken)
VANILJESMETE:
1 boks vikingmjølk
2 dl kremfløyte¨
4 ss sukker
1 ss heile kardemommefrø(desse får du tak i på t.d asiaske butikkar)
1 vaniljestang
3 heile egg
2 eggeplommar
Ha kremfløyte, vikingmjølk og heile kardemommefrø opp til kokepunktet. Splitt vaniljestanga på langs og skrap ut frøa. He både frøa og sjølve stanga i kjelen. Varm opp til like under kokepunktet. Slå ned til svak varme og la det stå og syde/trekke ei stund. Då kjem den gode vaniljesmaken verkeleg til sin rett. Avkjøl deretter blandinga og sil den.
Pisk saman egg, eggeplommar og sukker til ein luftig eggedosis. Slå forsiktig i fløyteblandinga under stadig omrøring. Ver ekstra forsiktig i begynnelsen slik at ikkje eggedosisen brest og skiljer seg. Hell gjerne blandinga over i ei mugge eller eit litermål. Då er det lettare å fylle formene, og det vert definitivt mindre søl.
Set ramekinformene i t.d ei stor kakeform, eldfast form eller rett i langpanna. Fyll 2/3 fullt med varmt vatn og dekk til med aluminiumsfolie. Steikast midt i ovnen på 125 grader o ca 1 time. Gi formene eit lite kakk, og når smeten ikkje er flytande i midten er puddingen klar. 
Nysteikte puddingar kan gjerne avkjølast i vinduskarmen. Når dei har romtemperatur settast dei i kjøleskapet i 2-3 timar.Ta dei ut av kjøleskapet 30 minutt før servering slik at dei får akklimatisere seg før dei skal nytast. Før ein spiss kniv langs kanten av forma og kvelv over på ein tallerken. 
TILBEHØR:
1 1/2 dl fløyte
1-2 ts vaniljesukker
Bringebær
Blåbær
Pisk kremfløyten stiv. Legg opp ei stripe på tallerkenane og pynt med bær.
Server!!
VEL BEKOMME:o)

4 kommentarer:

  1. ÅÅååååh dette så nydelig ut!! Delikate bilder!
    Inspirsjon til å prøve ut dette!! Kanskje blir det en suksess til 30 års dagen min:)
    Klem

    SvarSlett
  2. Så innbydande!! Eg er ikkje så glad i karamelpudding (pappa er kjent for karamellpuddingane sine, men dei fell ikkje i smak hos meg...), men eg fekk vann munnen av desse :)

    Klem Einy

    SvarSlett
  3. Det var skikkeleg nam nam, Mor og datter:o)
    Det var veldig godt, Linn-Renate...gjestane var særdeles fornøgde med desserten;o) Tusen takk for triveleg tilbakemelding på bilda...det er veldig kjekt:o) Genial dessert å servere i litt større lag, då den godt kan tilberedast både ein og to dagar før:o) Lykke til, klem Line
    Veldig kjekt å høyre, Einy:o)))

    SvarSlett

Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line