mandag 5. mars 2012

Safran og sesamfriterte reker med steikt ris

Reker i alle former inngår som ein ein av mine favorittar, og når det smakar så godt som dette er det jo ingen bakdel. Eg brukte dette som forrett, men det er heller ingenting i vegen for å ha det til lunsj eller endog som ein del av tapas/koldtbord:o) Då er det berre å auke opp antallet reker og lage meir røre...
Berekn 3-4 kjempereker pr. person
FRITYRRØRE:
2 dl kveitemjøl
2 dl vatn
2 egg
1 ts salt
0,2 gram safran
1/2 raud chili
2 ss smelta smør
Sesamfrø
Rens rekene. Rør saman mjøl, eggeplommar, salt, vatn, finhakka chili og safran til ei glatt og klumpefri røre. Rør inn smør. Stivpisk eggekvitene og vend dei forsiktig inn i røra. Ha rekene over i røra og la det stå i ca 15 minutt. 
Varm opp olje i ei gryte til ca 180 grader. Eg brukte solsikkeolje. Sjekk med ei treskaft om oljen er varm nok. Brusar det rundt skaftet er det klart til fritering. Rull rekene i sesamfrø. 
Legg tre-fire reker igryta om gangen og friter dei gylne. Snu rekene undervegs. Ta dei opp med ei holsleiv og la dei renne av seg på eit kjøkkenpapir.
STEIKT RIS:
Berekn ca 1 dl raud cargo ris pr person. Kok etter anvisning på pakken. Dette kan gjerast dagen i forvegen.
1 gulerot
2-3 vårløk
1 selleristang
Skrell og kutt gulerota i små bitar. Del vårløken i to, og kutt den deretter opp. Del selleristanga i tre og kutt den i småbitar. Tilsett 2 ss smør i steikepanna og smelt ned. Ha i ris og grønnsaker og la det steike nokre minutt til grønnsakene er passe møre.
Legg opp ris og 3-4 kjempereker pr. person. Legg gjerne nokre sitronbåtar ved sidan av.
Server!!
VEL BEKOMME:o)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koseleg at du tek deg tid til å legge att ein kommentar:0)
Det vert sett stor pris på...
Klem Line